Nettportal for Hardangerfjordmagasinet

Sigurd Vikøren

Det gjev oss oftare og tettare kontakt med leserane våre. Frå to gonger om året med papirmagasin, til kanskje nye ting kvar veke?

Sørfjorden, Utnefjorden og Hardangerfjorden frå Veten (Oksen). Foto: Svein Ulvund

Samstundes vil det opna for at «heile verda» kan lesa om det gode liv ved Hardangerfjorden.

Kva skal vi skriva om? Gode forslag er velkomne. Skal vi vera interessante treng vi at du spelar inn til oss kva du tenkjer, kva du er oppteken av, kva du meiner.

Bur du ved Hardangerfjorden har du trekt eit av dei beste vinnarlodda som finst. Likevel har vi alle eit ansvar for å fylla kvardagen og livet med meiningsfylt innhald.

Vi har ein mangslungen og heilt fantastisk kultur. Er vi flinke (nok) til å halda den i hevd og ta vare på særtrekka våre?

Kva med naturen? Havet, fjorden, fossar, fjell? Fleire isbrear og nasjonalparkar. Vi har mykje av det meste og ikkje minst mykje av det beste. Vi har eit heilt utruleg mangfald.

Vi har eit spennande næringsliv med ei utruleg spennvidde, tilpassa og utvikla. Alt frå enkelmannsføretak til store selskap, bygd på våre ressursar og kompetanse.

Vi har fisk og frukt og eit rikt utval av lokal kortreiste delikatesser, Vidareforedla produkt av det aller
beste, noko som gjev oss smakar og opplevingar frå aller øvste hylle.

Alle desse verdiane vert rikare og større når vi kan dela dei med kvarandre og invitera gjester til å koma her og oppleva dette saman med oss.

Kven skal fortelja om alt det vedunderlege du finn langs Hardangerfjorden, om vi ikkje gjer det sjølve?

Heilt grunnleggjande er det å auka kjennskapen til og kunnskapen om!  Då må vi ha ei felles plattform der vi kan fortelja om alle gode opplevingar vi kan tilby kring Hardangerfjorden.

Hardangerfjordmagasinet er ei slik plattform. No tar vi historier frå papirmagasinet med oss ut på nett. Då kan langt fleire enn 150.000 lesa om indrefileten langs verdas mest sjarmerande fjord.

Skal vi fortelja mange gode historiar, er vi avhengig av di hjelp. At du tipsar oss.

I redaksjonen gler vi oss.

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Moster 1000 2024
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.