Påske er ei tid for refleksjon

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik deler gjerne nokre tankar med oss.

Foto: Agnete Brun

Andakt om Glenn


For nokre veker sidan var broren min og eg igang med eit flyttelass i Oslo.
Me var slitne etter altfor mykje bering og altfor lite søvn. Slitne av den familiere irritasjonen, som
sikkert mange kjenner til.
Eg hadde planlagt det slik at me to- bror og syster- skulle få tid ilag, toeine, utan familiane våre. Det
er sjeldan det skjer, og det skulle gjera oss godt, sjølv om me måtte arbeida med flyttekassar. 
Men me vart lei oss fordi me ikkje klarte å vera slik me ville mot kvarandre , slik syskjen ofte kan vera,
sjølv om dei nærmar seg 50 åra…
 
Så møtte me Glenn, 88 år. Den fyrste som vart døypt Glenn i Norge.
Han eigde lageret me skulle ha tinga inn på. Han stod der i høljeregnet og tok imot oss. Slo ut med
armane sine, og han slo visst ut med sinnet sitt også, og tok oss med inn.
Han såg oss som dei me var, og saman med han, vart broren min og eg dei beste versjonane av oss
sjølve- slik me ville vore mot kvarandre heile denne vesle tida me hadde ilag:
Han, den trygge, kloke og kunnskapsrike storebroren med plass til alle andre menneske i livet sitt.
-og før Glenn visste av det, visste bror min og eg meir om det 88-år gamle livet enn ein skulle tru var
mogeleg å få vita på ein liten halvtime.
Eg vart generøs og interessert og snill, og fekk Glenn til å le.
 
Glenn viste oss det som må vera ein av dei eldste veteranbilane i Norge, iallefall den finaste. Og han
hadde teke den frå kvarandre og bygt den på nytt heilt sjølv. Og på den splitternye Iphonen sin, viste
han oss bilder på dropbox frå turar med bilen til fjells.
 
Å seia at han var ein type som kviler i seg sjølv, vil vera å ta ein tjukk klisjé i munnen. Men klisjear
kjem visst frå noko som var sant eingong, men som har vorte utvatna fordi det er vorte brukt for
mykje og feil. Men det var slik han virka på oss: eit menneske som var den han var og gav av det han
hadde og gjorde så godt han kunne for å hjelpa oss.
Det var enkelheit og ektheit over han, og i blikket hans var det ro.
 
Me kom til dette lageret, slitne, såre og sure, og me køyrde derifrå oppløfta, milde og glade!
Glenn må kunne kallast ei velsigning!
Eg hadde planlagt mykje som skulle vera bra for bror min og meg, dette døgnet i Oslo, men eg kunne
ikkje ha planlagt Glenn.
 
Den tjekkiske forfattaren Milan Kundera, snakkar ikkje så høgt om Gud, men han snakkar om
Guddommelege tilfeldigheiter, og dette møte med Glenn må ha vore noko slikt. 
God påske


Herborg Kråkevik


Denne teksten var opphavleg ein morgonandakt i Nrk

Tysnes Sparebank
Moster 1000 2024
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.