Refleksjonar frå ein harding

Leiv Anders Vambheim nr. 2 - 2019

Når eg skal fortelja kvar eg bur, seier eg ”Eidfjord i Hardanger”. Hardanger vil lokalisera meg til fjell, fjord, foss, fonn, frukt, vasskraft, industri, turist-ikon og -reisemål.

Leiv Anders Vambheim

HARDANGERIDENTITETEN

Sjekk inn – pust ut er slagordet til Hotel Ullensvang, Vestlandsfanden vil plukka plommer 

i Hardanger, Når det blomstrer i Hardanger syng Kurt Foss og Reidar Bøe. Dette er tre tema, mellom mange andre, som gir positive assosiasjonar til regionen Hardanger.

Den første turisten som gjorde Hardanger landskjent, var Johannes Flintoe, med skisser og teikningar frå reisene sine rundt i SørNoreg 1819-1825. Professor Christoffer Hansteen ”oppdaga” og gjorde i 1821 Vøringfossen til nasjonalt symbol og attraksjon. Engelske lakselordar kom til Hardanger utover slutten av 1800-talet, sveiser-hotella i bygdene våre poppa opp og Hardangerturismen var starta. Brudeferden i Hardanger av Tidemann og Gude i 1848 og Bjerk i Storm av I.C Dahl i 1849 frå Måbødalen, var to av fleire viktige nasjonale symbol. Desse etablerte Hardanger som identitets-region nummer 1 for Nasjonsbygginga i Nasjonalromantikken.  Hardangerkvinnene si festdrakt, no kalla ”Hardangerbunaden”, var også i 100 år eit nasjonalt symbol på det ekte norske. I min barndom heitte denne bunaden berre Nasjonalen. (Alle jenter stod i nasjonalen til konfirmasjonen).  Hardanger var og er eit nasjonal- ikon.

Ein stolt båtbyggjartradisjon produserte mange hundre Hardanger-jakter med unike brukseigenskapar til jaktefart, nordlandsfiske og handel med Bergen. (Våre nordlandslefser, tørrlefser som reiseniste, heiter hardangerlefser i Nordland). Med utbygginga av vasskrafta kom industrireisinga, moderne arbeidsplassar og nye samfunn utvikla seg parallelt med bondesamfunnet i Hardanger. Kraftindustrien bygde landet i forrige århundre. Vasskrafta vår er, i desse CO2-tider, nasjonens kvite gull.  Hardangervidda og fjella rundt Hardangerfjorden, gav kjærkomen nærinsgveg for hardingane med stølsdrift, fedrift, jakt og fiske og seinare fjellturismen. Solvarme fjellsider med stødig vatning frå snøfonnene, var grunnlaget for Cistersiensermunkane frå Lyse Kloster si fruktplanting på 1300-talet. Hardanger er i dag Norges Største Frukthage, no med kommersiell Hardangersider som attraktivt vekstprodukt. Hardanger som reisemål med dei mange attraksjonane våre, trekkjer årleg hundretusenvis turistar hit, både på sjø og land, og er ein av dei viktigaste næringane i regionen. Hardanger var og er ein nasjonal ressursregion. 

Då Hardangerrådet vart etablert i 1989 vart Hardanger definert som dei 7 Hardangerkommunane/herada Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik. Innfartane til Hardanger vart merka og følgde kommunegrensene. Slik visste reisande når dei kom til Hardanger. Reisemål HardangerFjord (no Visit Hardanger), skipa i 1993, følgde dei same grensene, likeeins Hardanger Folkemuseum, Hardingpuls og mange regionale organisasjonar. Ordet Hardanger er fana til 10-tals ulike firma, produkt og arrange- ment. Hardangernavnet skaper gode assosiasjonar og bidreg til identitet og samhald. Hardinglaget i Oslo er framleis aktivt.

Sentraliseringspoltikken og rasjonaliseringsiveren, særleg etter 2000 årsskiftet, innhentar også Hardanger. Kommunar og -adminstrasjonar vert samanslegne. Statlege arbeidsplassar forsvinn (ikkje  Kartverket i Kinsarvik) og folketalet går nedover med akuande gjennomsnittsalder. Pr 2. kvartal 2019 var det 22.489 innbyggjarar i dei 7 Hardangerkommunane/herada. Prosjektet ”Flytt til Hardanger”, som Hardangerrådet drifta i nokre år, gav folketalsvekt i regionen. Målet nærma seg 25.000, men med prosjektslutt kom nedgangen tilbake. Reiselivsverksemdene har gode sommartal, men slit med heilårsdrifta. Industrien i Hardanger moderniserer og treng kvalifisert arbeidskraft, men slit med tilflytting frå by til land. Tillflyttarar er ressursar . Tilflyttingsarbeidet må takast opp att med styrka kraft for ny regional vekst.

Fram til Skeikommisjonen i 1964 var det 9 kommunar/herad i Hardanger som frå 2020 vert 4: Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik.  Hordaland Fylke har definert Odda, Norheimsund og Voss som regionsenter for oss her i indre stråk. Ulvik, Eidfjord og deler av Ullensvang knyter sine regiontenester til Voss. Før 1964 var Voss 3 herad. Voss har no 14682 innbyggjarar. Voss er frå 2020, med Granvin, ein del av Hardanger. Alle 3 regionsentra er relativt små og utsette for strukturendringar og vidare sentralisering.  Regionsentra må etablera  utviklingskraft i seg sjølve, gje omlandet gode tilbod og vera motor i vekst for Hardangerregionen. Då trengs det samhandling og samarbeid. Det som er godt for naboen, er godt for meg. Me må heia på naboen sine suksessar. Proteksjonisme hindrar vekst.  

Hardangeridentiteten har styrke nok i seg åleine, men vert sterkare i lag med Voss,  meiner no eg.  

LEIV ANDERS VAMBHEIM

Hardangerrådet Styreleiar 3 år. Dagleg leiar 2001-2015.

Lokalpolitikk 1977-1991. Eidfjord kommunestyre 3 periodar.

Ordførar 1988-1991  – 4 periodar i Hordaland Fylkesting.

Reisemål Hardangerfjord. 10 år i styret, 7 som styreleiar. 

Har hatt mange ulike styreverv innan næringsliv og kultur. 

Jobbhistorikk: td Lærar, rektor, skulesjef, ass rådmann, konsulent hos fylkesmannen. 

No pensjonist, deltids bussjåfør og dagleg leiar Hardangerviddatunnelene as. 

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank