Spekkhoggar

Sigurd Vikøren

Vårens store «snakkis» langs Hardangerfjorden!
Orcinus orga, spekkhoggar, staurkval
Kva familie er det som vitjar oss i dag?
Dei mest ihuga har god oversikt på kven dei ulike individa er.

Spekkhoggar
Spekkhoggar i Hardangerfjorden

Spekkhoggarane er facinerande skapningar som plutseleg berre dukkar opp. Storleiken og mystikken som oppstår når vi observerer dei i fjorden, kanskje heilt inne i fjæra, grip oss med ein skrekkblanda fryd.

Vi veit ikkje heilt om vi skal vera redde for dei. Uansett har dei ei sterk tiltrekkingskraft på oss, samstundes som det oser respekt av slike store dyr. Er dei farlege for folk som driv med dykking, folk som badar, surfar, eller padlar kajakk? Ingen tvil om at dei har kapasitet og kraft nok til å laga katastrofe. Det beste rådet er truleg å halda avstand.

Vi kjenner ikkje til alvorlege hendingar med spekkhoggar ute i det fri, men einskilde ekspertar hevdar det kan ha vore nære på, i tilfelle der dyra blir stressa av menneske sin aktivitet. Då er det best å vera på den sikre sida å halda avstand. Skulle ein spekkhoggar plutseleg dukka opp veldig nær deg i fjorden, er tilrådinga å vera så roleg som råd.

Har aktiviteten til spekkhoggaren auka i våre nærområde, i Hardangerfjorden? Ryktet seier at aktiviteten har auka på dei siste fem åra. I tillegg er det noko med sosiale medier og at alle i dag har eit foto- og filmapparat med seg heile tida.

Hardangerfjorden er ein næringsrik fjord. Mat er ofte årsak til korleis og kvifor jegaren flyttar på seg, det kan sjølvsagt vera årsak til ein auka aktivitet av spekkhoggaren. I Hardangerfjorden har vi fått mange oppdrettsanlegg. Her er det kollosale mengder mat samla, men så langt har dei svarte og kvite ikkje rørt laksen.

Spekkhoggaren var nok truleg i fjorden før også. Kvalen er kjent under mange namn, og dei som ferdast på havet kalla dei staurkval, eit namn som har fått mange lokale avartar.

Då eg vaks opp i Rosendal hadde vi eit uttrykk som var i bruk, som ikkje akkurat var positivt lada. Men om det var einkvan du ikkje var topp begeistra for, kunne han bli tittelert som; -du din staurhydning! Kor lokalt uttrykket er, eller om det opphavleg var staurkval som var opphavet, veit eg ikkje sikkert, men mykje kan tyda på det.

Vil du vita meir om spekkhoggaren:

Spekkhogger – WWF

Sjå filmane til Ørjan Solheim

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank