Utbygginga av Folgefonnanlegga

Sigurd Vikøren

Boka om utbygging av Folgefonnanlegga er ein dramatisk historie frå vår nære fortid!

Opptil 750 mann bygde 50 km tunellar og 60 km veg på rekordtid, i lunefulle områder mellom fjord og fonn. I barske fjell, der ras og sterke vindar styrde mykje av livet og kvardagen. Der millimeter eller andre ørsmå marginar skilde mellom liv og død.

HMS var kanskje i emning mot slutten av 60-talet, men ikkje noko i nærleiken av slik HMS er i dag. Det er ein viktig del av bakteppet når vi skal vurdera og erkjenna at 12 mann miste livet i små og store ulukker knytt til Folgefonnanlegga.

Snøraset i Rednedalen tok åleine sju liv, det er den verste einskildulukka på norske kraftverksanlegg.

Andre som var utsett for traumatiske hendingar hadde hellet med seg og berga livet. Men det seier seg sjølv at mange vart prega for livet av sterke opplevingar, i sitt  arbeid med å byggja velferd for alle oss andre.

Kven var dei som jobba på Folgefonnanlegga og korleis var livet deira? Les om dei små hendingane som var dagleglivet på anlegget og sentralt i livet til familiane og andre i lokalsamfunna. Aktivitet som har ført til at både Jondal og Mauranger har endra statusen sin til trafikknutepunkt og bygder med framtidsvon. Samstundes var kraftanlegget heilt grunnleggjande for framveksten av det Kvinnherad vi kjenner i dag.

Redaktøren trur det er interessant å lesa korleis leiande politikarar i Kvinnherad tenkte på slutten av 1950-talet, om korleis ein skulle samla ulike interessentar og partar for å utvikla kommunen og regionen vår. Det var eit interessant puslespel som vart lagt.

Anlegget på Folgefonna Vest vart realisert i eit svært krevjande fjellområde der klima og syd-aust vind sette mykje av det meste på harde prøver. Korleis flinke folk handterte og løyste store utfordringar, situasjonar som hadde potensiale til å utvikla seg til katastrofe, er spennande. I boka frå vår nære historie finn du mykje interessant, som sett i eit perspektiv verkeleg er til ettertanke.

Boka blir lansert i tilknyting til jubileumsmarkeringa i Austrepollen 13. juni. Då har Mauranger og Jukla kraftstasjonar levert kraft på nettet i 50 år.

Redaktøren er godt nøgd med boka som er resultatet av eit omfattande arbeid, gjennom eit og eit halvt år. Men det er du som lesar som avgjer om vi har lukkast med produktet. Ikkje minst om du som var der, kjenner at boka er ein god formidlar av livet slik det var på Folgefonna-Vest.

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank