VAL 2023

Sigurd Vikøren

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

hattebergsfossen

Det er mest ikkje til å tru!

I kommunestyremøtet der Statnett la fram tankar rundt ny 420 kV linje, sa representant for Høgre at ei slik kraftlinje i nærleiken av Baroniet er heilt uakseptabel. Rasla kraftig med sabelen og advarte om at bunads-geriljaen i Hardanger berre var blåbær i høve til oppstanden som vil koma her.

Fantastisk av Høgre med eit slikt sterkt engasjement for Baroniet og kulturlandskapet. Då er det mest ikkje til å tru at det same partiet samstundes vil ha meir kraftutbygging i Hattebergvassdraget? 

Har Høgre kanskje avklart med Baroniet at å «utnytta betre dei kraftressursane som ligg i Hattebergvassdraget» er i samsvar med Baroniet sine eigne planar og ynskje?

Baroniet Rosendal er ikkje berre eit hus i ein park. Det er eit eineståande kulturminne der fjord, fonn, fjell og fossefall er viktige delar av kulturminnet.   

Likevel opplever vi altså i det Herrens år 2023, at Høgre i Kvinnherad vil ha meir kraftutbygging i eit varig verna vassdrag som er ein viktig del av kulturminnet Baroniet Rosendal. I eit vassdrag som renn gjennom eit landskapsvern-område oppretta for å ta vare på unik vassdragsnatur. 

Kva er det Høgre i Kvinnherad ikkje forstår?

Moster 1000 2024
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.